A Perfect Day blei laga for tv-kanalen TNT i 2006. Rob Lowe spelar Rob Harlan, ein mann som blir forfattar etter å ha mist jobben sin, og får oppleve stor suksess med si første bok.
Suksessen endrar livet til Rob. Han tar gradvis meir avstand til familien og har vanskeleg med å prioritere. Ein mystisk mann (Christopher Lloyd) følger etter han og stiller han ubehagelege, men viktige og kritiske spørsmål til kva han vil.
Det er ingen store overraskingar i A Perfect Day, men filmen har nokon utruleg flotte og rørande stunder, og ein solid gjeng skodespelarar som i tillegg til dei over inkluderer Paget Brewster.
I tråd med krava til å vere ein julefilm, er dette ein film som delvis går føre seg i oppkøyringa til jul. Ei høgtid der familie er viktig, og den dåverande plassen Rob er i livet blir ekstra tydeleg.
Dette er ein film som gir ei god kjensle, og som du kan sjå for å kose deg. Ikkje ein film du ser for å bli utfordra eller for å få noko nytt. Heller ikkje ein film du ser om du forventar det beste av det beste. Men ein trygg over middels film er det.