Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Rainy Day in New York (2019)

A Rainy Day in New York

Film
3

A Rainy Day in New York føyer seg inn i rekka av akseptabelt underhaldande Woody Allen-filmar som har komme dei siste ti åra. Ikkje sidan 2011 har eg gitt fire stjerne til ein film, og det var Midnight in Paris.

I denne filmen er det Timothée Chalamet, ein ukjent skodespelar for min del, og Elle Fanning, som møter på livet i storbyen New York. Han som tilbakevendande, og ho som fersking. Dei er eit par som går på college i lag, og i høve at ho skal intervjue ein kjent filmskapar så vil han vise ho heimbyen.

Ikkje lenge etter dei kjem til byen byrjar planane å endre seg, og det er som om New York tar styringa. Karakteren til Elle Fanning blir rive med inn i ei verd av berømte oppdikta filmpersonlegdomar.

Filmen er i og for seg vellaga, men har eit eller anna ved seg som gjer at det ikkje klaffar for min del. Om det er det som skjer framfor kamera eller bak er vanskeleg å vite. Eg veit at eg ikkje er så stor fan av kameraarbeidet som er gjort i dei siste Woody Allen-filmane, så det kan ha påverka også.

Den velkjende Woody Allen-stilen kan både hjelpe og stå i vegen. Oh! That Film Blog (ohthatfilmblog.wordpress.com) finn fleire morosame stunder, særleg med Elle Fanning, men meiner filmen prøver å vende tilbake til ei tid han ikkje heilt høyrer til i. Eg har ikkje den same konkrete forklaringa på kvifor alt ikkje klaffar. Likevel kjenner eg att denne blandinga av ei grei oppleving og noko som manglar.

Men A Rainy Day in New York vil ikkje hindre meg i frå å sjå eventuelt fleire filmar frå Woody Allen heller. Han er solid, gjennomsnittleg god og litt fin i blant.