
A River Runs Through It
Det er nokre filmar frå 1990-talet og tidleg 2000-tal som står seg ut for meg. Som fortel ei historie om ein person frå tidlegare tider. Der dei så godt klarar å balansere forteljinga om personen med ei slags mystikk rundt han. A River Runs Through It treff på dette.
Me blir fortalt historia om ein familie med to brør, kor eldste broren fortel. Norman Maclean er elles også forfattar av boka som filmen er basert på, så den har heile greia med å vere basert på eigne erfaringar å bygge på.
Me får innblikk i oppveksta til brørne. Faren er prest og flugefiske deler plassen med religionen.
Det viser seg allereie frå tidleg av at dei to brørne er ganske ulike. Og når filmen etter kvar peilar seg inn på ei meir vaksen tilvere så kjem dette endå tydelegare fram. I tillegg til at den yngste broren Paul (Brad Pitt) kjem på bana. Broren hans er Norman (Craig Sheffer).
Filmen skildrar livet til desse to. Kva som pregar livet deira. Val dei ta. Kven dei er. Og korleis dei samlar seg rundt blant anna flugefiske. Sida Norman har skrive historia så får me mange av tankane hans, mens Paul blir den litt mystiske personen som eg tenkte på innleiingsvis.
Med stemningsfulle naturbilder frå Montana og filmmusikk av Mark Isham, samt ei roleg oppbygging utan den største dramatikken. Så får filmen eit preg av ro og ein nærleik til karakterane.
Tolmodet i forteljinga kan vere ein styrke i seg sjølv. Jeffrey Overstreet på Jeffrey Overstreet (jeffreyoverstreet.com) skriv at filmen gir ei kjensle av rom som han saknar i mykje amerikansk film, og rosar det observerande fotoarbeidet. Han knyter opplevinga tett til sitt eige liv og forholdet mellom kunst og religion. Eg treng ikkje ha dei same erfaringane for å kjenne att korleis roa gir plass til noko som er vanskeleg å sette ord på.
Det er litt vanskeleg å sette andre ord på det. Men A River Runs Through It har det som skal til for å gå inn på meg.
