
A Room with a View
Langt i frå det beste romantiske dramaet eg har sett. Filmen gav meg ikkje den gode kjensla eit kvalitetsdrama i denne sjangeren bør gi. Innimellom var filmen kjedeleg, smått variert med litt morosame scener. Avstanden til favorittdramafilmane mine er nok stor. Og eg har ikkje så mykje til overs for Helena Bonham Carter.
Eg har heller ikkje så mykje til overs for Judi Dench, sjølv om eg kan tole ansiktet hennar betre. Det er altså ein fordel at ho ikkje er så altfor mykje med i denne filmen.
Historia er ei rein kjærleikshistorie, som eg nemnt over ikkje fekk den rette kjensla for.
Scott Hearon på Scott’s Film Watch (scottsfilmwatch.blogspot.com) er heller ikkje spesielt glad i denne typen film, men meiner humoren og skodespelet held interessa oppe. Han legg særleg vekt på valet mellom kjærleik og sosiale forventningar. Eg fekk ikkje den same gleda av dette. Likevel peikar han på eit ekstra lag i kjærleikshistoria. Det handlar òg om kor mykje rom andre menneske skal få til å bestemme kven me kan vere saman med.
