
A Shaun the Sheep Movie: Farmageddon
Sauen Shaun er med A Shaun the Sheep Movie: Farmageddon tilbake i sin andre spelefilm. Den første, Shaun the Sheep Movie var ein fryd å sjå tilbake i 2015.
Også denne oppfølgaren er storveges. Mens serien Shaun the Sheep har sine avgrensingar, så står det ikkje på bruken av formatet når sauene igjen blir brukt i ein lengre film.
Aardman Animations veit å utnytte tida til å fylle på med både historier som treng litt tid å synke inn, samt at dei poengterer småting og utbroderer detaljer heile vegen så godt dei kan. Fram til siste sekund i rulleteksten er det stappa inn innhald.
The Other Side of Animation (camstheothersideofanimation.wordpress.com) trekker fram kor tydeleg figurane får personlegdom gjennom rørsler åleine. Samstundes saknar skribenten meir plass til dei andre sauene, sidan historia først og fremst følger Shaun og gjesten hans. Eg opplever detaljrikdomen som ein stor styrke. Omtalen peikar likevel på at ein fullstappa film også må fordele merksemda mellom alle dei kjende figurane.
Her handlar det om eit besøk av ein utanomjordisk skapning. Sauene med Shaun i spissen hamnar midt opp i dette. Samtidig blir den vesle bygda dei høyrer til snudd på hovudet av at folk har sett ein UFO.
Det er ikkje så mykje meir å seie enn at om du likar typen humor Aardman Animations pleier å levere på, så vil du kunne ha glede av A Shaun the Sheep Movie: Farmageddon. Det er ikkje så erkebritisk som Wallace & Gromit, men likevel litt av det same.
