Sauen Shaun er med A Shaun the Sheep Movie: Farmageddon tilbake i sin andre spelefilm. Den første, Shaun the Sheep Movie var ein fryd å sjå tilbake i 2015.
Også denne oppfølgjaren er storveges. Mens serien Shaun the Sheep har sine avgrensingar, så står det ikkje på bruken av formatet når sauene igjen blir brukt i ein lengre film.
Aardman Animations veit å utnytte tida til å fylle på med både historier som treng litt tid å synke inn, samt at dei poengterer småting og utbroderer detaljer heile vegen så godt dei kan. Fram til siste sekund i rulleteksten er det stappa inn innhald.
Her handlar det om eit besøk av ein utanomjordisk skapning. Sauene med Shaun i spissen hamnar midt opp i dette. Samtidig blir den vesle bygda dei høyrer til snudd på hovudet av at folk har sett ein UFO.
Det er ikkje så mykje meir å sei enn at om du likar typen humor Aardman Animations pleier å levere på, så vil du kunne ha glede av A Shaun the Sheep Movie: Farmageddon. Det er ikkje så erkebritisk som Wallace & Gromit, men likevel litt av det same.