A Simple Favor - Filmdagbok

A Simple Favor 2018

A Simple Favor startar med ei greitt, mystisk handling og ein god dose humor. Flyten i filmen er fin i første halvdel, deretter går det nedover. Filmen enda opp på same måte som Gone Girl sånn sett.

Det som følger i den andre halvdelen er ulogisk og rotete. Bitane passar ikkje saman og filmen prøver for hardt å vere for mykje på ein gong. Det han prøver for hardt på er å lage ei god vending eller framstille ei innvikla handling. Det gav ikkje meining.

Skodespelet er godt, og er med på å trekke opp filmen.