Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Very Brady Sequel (1996)

A Very Brady Sequel

Film
2

Eg har verken sett 1969-serien The Brady Bunch eller den førre filmen, som er The Brady Bunch Movie frå 1995. Likevel har eg altså sett denne oppfølgaren.

Årsaka er så enkel som at eg sjeldan ser ein oppfølgar først. Og med A Very Brady Sequel risikerte eg ikkje å øydelegge for meg sjølv, då eg ikkje har nokon planer om å sjå noko av det overnemnte.

Å sjå A Very Brady Sequel kan sjåast på som eit eksperiment. Kva kan ein oppfølgar som dette by på for ein som ikkje har noko forhold i å sjå noko anna med The Brady Bunch.

Svaret er lite til ingenting. Dette er ein tåpeleg og teit familiekomedie. Eg får ikkje inntrykk av å gå glipp av noko forhistorie, då eg veit kva The Brady Bunch er etter fleire år med referansar til serien i andre seriar og filmar. No trur eg heller ikkje den gamle serien hadde vore noko for meg.

Dommen er uansett klar. Dette er ein tynn film for ein som har eit nøytralt forhold til han.

Det eg opplever som tåpeleg, blir ein del av gleda for Steve Pulaski på Steve Pulaski (stevepulaski.com). Han likar kor medviten filmen er om den merkelege familien og den utdaterte verda deira. Eg ser kva som skal vere morosamt med kollisjonen, men det er ikkje nok. Utan noko nært forhold til familien blir dette framleis ei tynn oppleving for meg.