Eg har verken sett 1969-serien The Brady Bunch eller den førre filmen, som er The Brady Bunch Movie frå 1995. Likevel har eg altså sett denne oppfølgjaren.
Årsaka er så enkel som at eg sjeldan ser ein oppfølgjar først. Og med A Very Brady Sequel risikerte eg ikkje å øydelegga for meg sjølv, då eg ikkje har nokon planer om å sjå noko av det overnemnte.
Å sjå A Very Brady Sequel kan sjåast på som eit eksperiment. Kva kan ein oppfølgjar som dette by på for ein som ikkje har noko forhold i å sjå noko anna med The Brady Bunch.
Svaret er lite til ingenting. Dette er ein tåpeleg og teit familiekomedie. Eg får ikkje inntrykk av å gå glipp av noko forhistorie, då eg veit kva The Brady Bunch er etter fleire år med referansar til serien i andre seriar og filmar. No trur eg heller ikkje den gamle serien hadde vore noko for meg.
Dommen er uansett klar. Dette er ein tynn film for ein som har eit nøytralt forhold til han.