A Very Harold & Kumar Christmas - Filmdagbok

A Very Harold & Kumar Christmas 2011

Harold & Kumar Go to White Castle er ein komedie som står høgt hjå meg. Sjølv om oppfølgjaren Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay ikkje var på langt nær så god, så såg eg fram til ein ny Harold & Kumar-film då det vart kjent at A Very Harold & Kumar 3D Christmas skulle koma.

Filmen tek opp tråden seks år etter førre film. Harold og Kumar er ikkje nære vener som dei ein gong var, men har nye venner og familie. Når Kumar brått står på trappa til Harold, og klarer å brenne ned eit juletre like etter å ha sloppe inn, så må dei to ut for å finna eit nytt juletre.

I kjent stil er det altså jakta på eit eller anna som tek desse to ut på eit nytt eventyr. Det vert aldri så bra eller får den same kjensla av tilfeldig, men det byr på eit par artige stunder. Og det er eit gjensyn etter mange år, som òg er ein fin greie for å dempa litt nysgjerrigheita som oppstår etter ein film med open slutt.