
A Very Murray Christmas
Ein time med julemusikk og enkel komedie er det A Very Murray Christmas er samansett av. Bill Murray og andre skodespelarar og musikarar syng julesongar her og der i ei historie som er ein unnskyldning til å halde opplegget isolert på eit hotell i New York.
Det fungerer for det som det er. Eg var ikkje spesielt interessert i musikkbiten i utgangspunktet, men fekk litt sansen for han og hadde sansen for gjestene, og synest totalen er akkurat passe kul.
På sett og vis klarer A Very Murray Christmas å lage stemning meir enn mykje anna. Og eg har ein idé om eg kan finne på å sjå denne igjen ved eit seinare høve, nettopp på grunn av gjestene og greia dei skapte av musikken.
Stemninga er ikkje nok for Patrick Nabarro på Patrick Nabarro (pnabarro.wordpress.com). Han meiner mykje står og fell på kor sjarmerande ein finn Bill Murray, og opplever opplegget som retningslaust utanom enkelte vellukka innslag. Det forklarer kanskje skiljet mellom oss. Eg får nettopp noko ut av å vere i dette selskapet ei stund, sjølv om historia mest gir gjestene og musikken ein stad å møtast.
