Ein fyr fell av taket på nyttårsaften. Det blir sagt at det du gjer på nyttårsaftan legg føringar for korleis det nye året går. Owens (Bryan Greenberg) år blir derimot det året han endrar seg frå fyllik og slask til å snu livet sitt mot det positive.
A Year and Change handlar om vesentlege ting som å ta ansvar og sjå folk for den dei er. Og ikkje leve i ei ønskeverd der du håpar på det beste, mens du gjer det verste.
Dette dramaet evnar godt å spele på kjensler, og held trykket opp i store deler av filmen. Ikkje ved å køyre for hardt på, men ved å alltid treffe dei rette notane. Det er grunnen til at eg likar filmen så godt, og at eg meiner at han lykkast godt.
For A Year and Change har verken nye typar karakterar, situasjonar, samansetningar av situasjonar eller eit originalt historieforløp. Alt dette her er kjent territorium. Det er kva som blir gjort ut av det som er poenget.