Artificial Intelligence: AI låg lenge an til å bli ein god film, problemet blei at han låg så lenge an, generelt sett, at det var lite tid igjen. Steven Spielberg har laga ein film om ein robot i ein barneliknande kropp som er på jakt etter kjærleiken ei mor kan gi, og som streifar innom eksistensielle spørsmål gjennom den eventyrlege historia me er vitne til.
Det som til vanleg kunne ha blitt for mykje av det gode, med tanke på vesle David, robotbarnet, si evne til å elske, går seg til her ettersom det er snakk om robotar. Når David ønsker å bli elska har ordet love ein tendens til å dukke opp. Mange verbale forsøk på definisjonen av ordet blir gitt og det som blir sagt er ikkje noko nytt for publikum.
Det som gjer at Artificial Intelligence: AI ikkje når toppen av skalaen er lengda. Elles har Steven Spielberg laga ein eventyrfilm med stadig framdrift som byr på mange spennande syn og tøffe futuristiske idear. Viktigare, og det som gjer at eg kan like filmen trass i mitt kalde forhold til både E.T. the Extra-Terrestrial og Close Encounters of the Third Kind‚ er at det er lagt inn ein melankolsk undertone.
Artificial Intelligence: AI er aldri ein gladfilm. Heilt i frå første minutt er det klart at menneskja har påført seg sjølv vondt. Sjølv om det heller ikkje er ein deprimerande film er det ei dyster stemning over alt spetakkelet som gir filmen ein ekstra dimensjon.