
Abandon
Abandon prøver seg som psykologisk thriller, men endar opp som eit litt for tamt og forvirra forsøk på spenning. Historia om den ambisiøse studenten Katie har potensiale. Ho blir innhenta av fortida då ekskjærasten hennar dukkar opp etter å ha vore sakna i to år. Men fell kort i både oppbygging og elles i si gjennomføring.
Katie Holmes gjer ei grei rolleprestasjon som pressa student, men resten av rollefigurane blir stort sett flate og uinteressante. Charlie Hunnam, som spelar eksen Embry, manglar alt av utstråling. Benjamin Bratt som etterforskaren klarar aldri heilt å overtyde. Det blir for mykje visking og stirring, og for lite faktisk driv i handlinga.
Filmen forsøker å vere mystisk og dyster, men kjem aldri dit. Når avsløringa til slutt kjem, er ho verken sjokkerande eller tilfredsstillande. Det er heller eit javel, og så var det ikkje meir.
Studentmiljøet fungerer betre for John Hazelton på Screen Daily (screendaily.com) enn det gjer for meg. Han finn eit samansett bilete av ambisjonar og festing i oppbygginga, men meiner den siste vendinga kjem frå ein meir konvensjonell og mindre interessant thriller. Eg kjem heller aldri så langt inn i personane at avsløringa har mykje å velte. Når løysinga heller ikkje gir tilfredsstilling, blir både vegen fram og poenget til slutt svakt.
Abandon har nokre stilige bilete og eit godt lydspor, men det reddar ikkje filmen. Det blir ein rotete sak med lite substans og for lite ekte spenning. Ein film som eg lett vil gløyme. Og ikkje vil rå deg til å sjå.
