Ein av personane i ein vennegjeng frå college, som no er blitt vaksne og spreidd for vinden, prøver å ta sjølvmord. Dette samlar vennegjengen igjen i bustaden til fyren, Alex, for nokon seriøse dagar etter hans heimkomst frå sjukehuset.
Tida i lag er prega av mimring, ulike måtar å takle sjølvmordsforsøket på, personleg drama, men også ein god dose glede og latter. Og det er gjennomført på ein til tider fengslande måte, og elles interessant eller underhaldande måte.
Det hadde vore lettast å forklare About Alex i form av samanlikningar med andre filmar. Som sagt i ein diskusjon som skjer i filmen om referansar, så er dei i ein situasjon som er typisk for film. Ei gruppe tidlegare gode venner som ikkje har noko med kvarandre å gjere som gruppe meir. Det er mange variantar av denne type film, ein av dei klassiske er første møte etter at college er over, og den kommande kvardagen søkk inn.
About Alex er ein litt annan vri. Deler av gruppa har hatt kontakt, mens andre har mista kontakten, eller med vilje tatt avstand frå collegetida. Deira møte igjen vitnar om ein stor forskjell i karakterar, som godt mogleg var venner på college fordi dei hadde nettopp studietida til felles.
Eg set pris på filmar der dialogen er det viktige. Og eg har også sansen for gjenforeiningsfilmar. Som American Reunion, St. Elmo's Fire og The Groomsmen. Så About Alex burde vere midt i blinken. Kanskje eg var prega av å ha sett ein god film tidlegare på dagen, kanskje filmen ikkje stikk djupt nok. Men eg kan ikkje sei stort meir enn at filmen er god, og ikkje veldig god.