
About Last Night...
About Last Night… er eit romantisk drama frå 1986, regissert av Edward Zwick, og med Rob Lowe og Demi Moore.
Karakterane til Rob Lowe og Demi Moore møtes, blir forelska, flyttar i lag, og kranglar. Dette er i all hovudsak heile filmen. Litt motstand frå utsida møter dei også, av venner som enten er sjalu, bekymra eller begge delar.
Det er lite ved filmen som utmerker seg positivt. Filmen overdriv på måtar som er vanskeleg å tru på. Han er lang, trøyttande og repeterande. Eit par augeblinkar treff og er rørande, men i det fulle og heile er det lite som skapar engasjement.
Matt Wedge på Obsessive Movie Nerd (obsessivemovienerd.com) meiner filmen stadig opnar for ærlege og vanskelege samtalar, før han dreg seg tilbake til klisjear og enklare komedie. Han finn meir å like i kjemien mellom Rob Lowe og Demi Moore enn eg gjer, men opplever også filmen som for lang. Det er nettopp dei små glimta av noko betre som gjer heilskapen frustrerande. Dei blir for sjeldne til å vege opp for alt som blir strekt ut og gjentatt.
Stå over denne.
