På sin 21. fødselsdag får Tim (Domhnall Gleeson) vite av sin far (Bill Nighy) at han kan reise tilbake i tid. Når han skal gjere dette bør han gå inn i eit skap, for så å anstrenge seg og tenke på eit tidspunkt.
Ein vakker dag møter han Mary (Rachel McAdams), som han fort får god kontakt med og skal treffast igjen. Men ei tidsreise han gjer før han skal møte ho igjen lærer han at det han gjer i fortida, får konsekvensar for det som skjer i notida.
Reise i tid er eit fascinerande tema og kan fungere godt som ein ekstra dimensjon eller ei hindring til mange typar historie. About Time er først og fremst eit romantisk drama, men flettar reising i tid så godt inn i historia at det blir meir enn ein gimmick. Alt som skjer blir til val og uana konsekvensar, og problematikken i filmen er i stor grad knytt til medvitet Tim har om reising i tid.
Eg set pris på ein god film om tidsreise, og har også sansen for gode romantiske drama. About Time er dette, og manglar mest det vesle ekstra som gjer filmen rørande. Eg er ikkje helt involvert i alvoret til det som skjer, og opplever derfor filmen som ufullstendig. Men eg er ikkje i tvil om at det var verdt tida å sjå han, på grunn av tidsreisinga.