Accepted - Filmdagbok

Accepted 2006

Forventningane til denne filmen var middels. Traileren var morosam, men av den typen som ikkje kunne gi eit ekte bilde av korleis filmen kom til å bli. Så kanskje filmen ikkje er så fullproppa med godt innhald som traileren, men han er ganske morosam likevel, berre på eit nivå under.

Ideen er fin. Bartleby Gaines kjem ikkje inn på college og diktar opp eit nytt college for å tilfredsstille forventingane til foreldra sine. Faren er derimot skeptisk, og Bartleby må gjere meir enn å vise til eit namn: Han må ha eit skulebygg, ein rektor og alt som høyrer eit college til. Problemet er at alt blir så realistisk at det blir ekte, til og med heimesidene til skulen tar i mot søknader og gir alle svar om dei er kommen inn.

Podcasten Filmspotting nemnde Lewis Black som ein av dei verkeleg gode tinga i filma. Og eg kan ikkje vere meir einig, han spelar nok den artigaste karakteren her. Elles er folk rimeleg midt på treet, men heile opplegget rundt folka gjer at fokuset mitt gjekk meir mot det enn folka.