Hopp til hovedinnhold
Plakat for Across the Universe (2007)

Across the Universe

Film
5

Det er å underdrive å seie at eg er glad i The Beatles. Som fan er eg rett nok fersk. Det dempar likevel ikkje gleda ved å høyre songar som Got to Get You into My Life og I Should Have Known Better. Eg har ikkje tiår bak meg i fanmiljøet og er open for alternativ bruk av musikken. Kva andre måtte tenke, veit eg ikkje. Då Across the Universe dukka opp, var eg ganske høgt der oppe.

Sidan det tok tid før filmen kom til Noreg var eg rimeleg kjapp på lydsporet og hadde dei fleste coverlåtane prenta i hjernebarken før eg såg filmen.

Ein av dei første tinga som slo meg var at Across the Universe innleiingsvis prøver for hardt, med korte og mange songnummer og ein fomling etter å få tak på sjåaren. Eg vart redd for at dette kom til å verte ei overflatisk og utelukkande musikalsk filmoppleving. Det tok tida si før eg slo tanken frå meg.

Det neste som slo meg var kor trist Across the Universe er. Det er trist fordi personane me blir kjende med, lever i eit samfunn dei ikkje har noko til overs for. Tida er ein uslåeleg fiende dei har gitt opp å kjempe mot. Uansett kva som skjer, har dei ikkje nok styrke til å bryte ut av det håplause tilværet. Det vert ikkje formidla slik direkte i Across the Universe, men slik verkar det.

Musikken, som er nye innspelingar av The Beatles-melodiar som glir inn i historia i varierande grad, er flott. Sjølv om det vert litt for mykje av han i blant. Dette går ikkje på rekninga til resten av filmen, det fører berre til at han vert lengre. Av og til står handlinga stille. Undervegs ønska eg meg meir tempo, men eg ser også kva desse partia bidrar med. Dei held oss fast i tida og limer beina til folk som ikkje heilt klarar å styre liva sine slik dei vil.

Across the Universe gav meg ei tung kjensle i brystkassa i tre fjerdedelar av speletida. Det er eigentleg nok til at eg skryt han opp i skyene. Eg ser film for å oppleve desse stundene når det knyter seg i magen. Eg legg likevel merke til ting som kunne ha vore annleis. Prudence skulle eg gjerne ha sett meir av. Ho forsvinn plutseleg og dukkar så opp igjen, som om ho aldri hadde noko meir å seie.

Utflukta til Mr. Kite sitt sirkus tilfører filmen lite forutan visuell nyting, Bono er ein av dei andre tilfella med eit show som ikkje er naudsynt. Så problemet til filmen er i hovudsak at han prøver på altfor mykje, noko som hindrar han frå å verte den beste filmopplevinga, men han ligg ganske nærme for meg.

Dei same avstikkarane blir eit problem på They Might Be Critics (theymightbecritics.blogspot.com). Der blir sekvensane rundt Bono og Mr. Kite vurderte som innslag som tilfører lite til historia, sjølv om filmen har fleire minneverdige musikalske augeblinkar. Eg er samd i mykje av innvendinga, men får langt meir ut av heilskapen. Den tunge kjensla filmen gir meg, er sterk nok til at dei unødvendige omvegane ikkje får øydelegge opplevinga.

Og var det eit handlingsreferat du var på jakt etter må eg dessverre skuffa deg.