Across the Universe - Filmdagbok

Across the Universe 2007

Det er å underdriva og seie at eg er glad i The Beatles, som fan er eg rett nok fersk, men det skal ikkje leggja noko demping på gleda eg får ved å høyra songar som Got to Get You into My Life og I Should Have Known Better. Utan å ha tiår på nakken i fanmiljøet er eg open for alternativ bruk av musikken, korleis andre måtte tenkja er for meg uvisst, når filmen Across the Universe kom fram i dagen var eg var eg ganske høgt der oppe.

Sidan det tok tid før filmen kom til Noreg var eg rimeleg kjapp på lydsporet og hadde dei fleste coverlåtane prenta i hjernebarken før eg såg filmen.

Ein av dei første tinga som slo meg var at Across the Universe innleiingsvis prøver for hardt, med korte og mange songnummer og ein fomling etter å få tak på sjåaren. Eg vart redd for at dette kom til å verta ei overflatisk og utelukkande musikalsk filmoppleving. Det tok tida si før eg slo tanken frå meg.

Det neste som slo meg var kor trist Across the Universe er. Trist fordi personane me blir kjent med lev i eit samfunn dei ikkje har noko til overs for, at tida er ein uslåeleg fiende som dei har gjeve opp å kjempe mot, uansett kva som skjer er det ikkje nok styrke til å bryta ut av det håplause tilvere. Det vert ikkje formidla slik direkte i Across the Universe, men slik verkar det.

Musikken, som er nye innspelingar av The Beatles-melodiar som glir inn i historia i varierande grad, er flott. Sjølv om det vert litt for mykje av han i blant. Dette går ikkje på rekninga til resten av filmen, det fører berre til at han vert lengre. Av og til står handlinga stille, uansett kor mykje eg undervegs ønska meg meir tempo klarer eg ikkje å oversjå dette som bidrag til å låsa oss fast i tid og bidrag til å gje limet under beina på folka som ikkje klarer å styra liva sine helt som dei vil.

At Across the Universe klarte å gje meg ei tung kjensle i brystkassa gode tre fjerdedeler av filmen er eigenleg nok for meg til å skryta han opp i skyene, eg ser film for å oppleva desse gongene når det knyter seg i magen. Eg kan likevel ikkje unngå å leggja merke til ting som kunne ha vorte gjort annleis, Prudence er ei eg gjerne skulle sett meir av her, ho forsvinn plutseleg ut av filmen for så å dukka igjen opp som om ho aldri tydde noko meir.

Utflukta til Mr. Kite sitt sirkus tilfører filmen lite forutan visuell nyting, Bono er ein av dei andre tilfella med eit show som ikkje er naudsynt. Så problemet til filmen er i hovudsak at han prøver på altfor mykje, noko som hindrar han frå å verta den beste filmopplevinga, men han ligg ganske nærme for meg.

Og var det eit handlingsreferat du var på jakt etter må eg dessverre skuffa deg.