Første gong eg kom over plakaten til Adventures in Babysitting var eg rimeleg skeptisk til filmen. Plakaten i seg sjølv er stilig, illustrert til og med, eit pluss i boka mi. Men tittelen, kva kalde grøss som gjekk nedover ryggen når auga las ordet babysitting.
Du skal ikkje skode filmen på plakaten, eller tittelen for den del. Det som vippa meg over til å sjå filmen var godorda om Elisabeth Shue, formidla av rollefiguren til Steve Coogan i Hamlet 2, ein film som Elisabeth Shue sjølv har gjesterolle i som ein oppdikta versjon seg sjølv i.
Til filmen! Joda, Elisabeth Shue er fin å sjå på, og gjer ei grei rolle. Filmen er ikkje all verda å skryte av. Lenge består han av trøbbel utan interesse, ei form for ein lett versjon av Home Alone, og ikkje før dei siste minuttane blir dette i nærleiken av å nå den forma som Chris Columbus gjorde best med nettopp Home Alone.
Alt i alt er dette ein middels film, som leverer for lite til å bli verdt tida, men hentar seg nok inn igjen til at den blir vanskeleg å skyve under midtkarakteren. Så har eg i det minste lært meg å like tittelen, og synst plakaten er fin òg, god — på åttitalsvis.