
Agent Cody Banks 2: Destination London
Eit stykke igjen til å bli like god som sin forgjengar Agent Cody Banks.
Morosam toppen eit par gonger. For tydelege produktplasseringar som forsterkar inntrykket av at dette er ein film utan meining, utover inntening. Eg føretrekk helst filmar som både tenar pengar og kan bidra med ei god filmoppleving.
Scott Anderson på The DVD Journal (dvdjournal.com) meiner oppfølgaren mistar mykje når den keitete guten frå første film er blitt ein meir sjølvsikker agent. Att står ei svært velkjend oppskrift og lite av undringa over at ein tenåring kan vere spion. Det gir eit konkret poeng til kjensla mi av at filmen er svakare enn forgjengaren. Når eg berre ler eit par gonger, blir det dessutan vanskelegare å oversjå merkevarene som stadig vil ha merksemda mi.
