Airplane II: The Sequel - Filmdagbok

Airplane II: The Sequel 1982

Eg hadde ikkje sansen for Airplane! då eg så filmen for seks år sidan, men bestemte meg likevel for å gi oppfølgjaren ein sjanse i vår. Og enten har sansen min for satiriske katastrofekomediar blitt større, eller så likte eg rett og slett berre Airplane II: The Sequel betre. Men eg synst iallfall dette var ein artig film.

Denne gangen blir me med på ei romskipsreise med passasjerar som skal til månen, men som hamnar på feil kurs og går rett mot sola. Den dramatiske vendinga er krydra med humor heile vegen. Heile poenget med filmen er å plukke konvensjonar frå kvarandre, snike inn vitsar der det minst er venta, og snu det meste opp ned. Og det fungerer lenge, men eg blir litt lei helt mot slutten.

Det handlar så mykje om dei små detaljane og dei små vitsane, at å prøve ei oppsummering eller ei attskaping i skriftleg form blir umogleg for meg.

Eit gjensyn med Airplane! er på sin plass for min del, i tru på at filmen kan vere enda betre denne gongen.