Akeelah and the Bee - Filmdagbok

Akeelah and the Bee 2006

I USA er stavekonkurransar populære greier. Kvart år sender kvar stat tre heldige til National Spelling Bee. Dette er den nasjonale stavekonkurransen Washington D.C.. Her møtes unge og veldig talentfulle kvarandre. Desse har kvalifisert seg gjennom fire rundar før dei står på scena framfor millionar av sjåarar på den landsdekkande sportskanalen ESPN.

Tidlegare i år så eg Bee Season, som også omhandlar denne konkurransen. Den største forskjellen mellom desse filmane ligg i ønske om å stave. I Bee Season vart unge Eliza nærast pressa av ein favoriserande far til å lære å stave skikkeleg, samt at det var andre faktorar som gjorde filmen til ei djupare oppleving enn det Akeelah and the Bee er.

Akeelah (Keke Palmer) likar å lære seg ord, finne ut tydinga av dei, og å stave. Mora er ikkje så glad for dette, men når talentet til Akeelah blir oppdaga på skulen, får ho så lyst til å vere med på Spelling Bee at ho forfalskar signaturen til sin avlidne far for så å sniktrene med Dr. Larabee (Laurence Fishburne), den personlege stavetrenaren til Akeelah, utnemnt av rektoren på skulen der ho går.

Filmen som er laga med delvis støtte frå Starbucks Coffee er ein heilt vanleg film. Han er ikkje på nokon punkt overraskande i retninga han tek. Miljøet og personane kunne vore tatt frå ein kva som helst slags konkurransefilm, og alderen spelar inga rolle. I tillegg til konkurransen kjem det å kunne få ny venner, tru på seg sjølv og ta i mot hjelp frå andre. Filmen hamnar godt blant det eg iallfall forbind med typisk amerikansk konkurransedrama. Og til å vere ein slik film fungerer han godt nok. Deler blir litt for overveldande og oppspelte til å ta inn over seg, men filmen får godt fram det den prøver på.

Etter ein litt uventa slutt, som kanskje dei som kan reglane til punkt og prikke likevel ville ha gjetta seg til etter kvart, sit eg igjen med ei god kjensle. Det er ingenting ekstraordinært med filmen som klarer seg godt som eit drama med unge føre kamera. Fleire småting kan eg likevel sette peikefingeren på, men eg er ikkje her for å rakke ned på detaljar i dag, det er heilskapen som tel for Akeelah and the Bee.