Alice - Filmdagbok

Alice 1990

Alice er ingenting meir enn ein heilt grei Woody Allen-film. Han er vanskeleg å skrive om på ein interessant måte, men er heller ikkje på nokon måte blant dei mest interessante filmane.

Mia Farrow spelar Alice, ei kvinne som har vore gift i 16 år, møter ein ny mann og blir smått forelska. Betre blir det ikkje for sjølvkontrollen at ho går til ein lækjar i Chinatown og får ei rekke ulike urter som får ho til å oppføre seg ukontrollerbart eller bli usynleg.

Filmen i heilskap handlar om denne kvinna som i utgangspunktet finn seg i ein stabil situasjon, og nok har gjort det i mange år, sitt møte med ein ny og ukjent kvardag. Gradvis vil ho endre oppfatning av tinga rundt seg og det treng ikkje nødvendigvis vere for det verre.

Alice er nok aldri skikkeleg morosam. Mia Farrow er litt slitsam i lengda og historia er ikkje spesielt interessant. Filmen gir heller ikkje rom for spesielt mykje av intellektet til Woody Allen, men kan i det minste seiast å vere ein av mange ulike filmar han har laga.