Hopp til hovedinnhold
Plakat for Alien (1979)

Alien

Film
4

Tidlegare har eg berre sett delar av Alien frå 1979, så det var på høg tide eg fekk sett heile, for eg har fått inntrykk av at filmen var både skremmande og god. Inntrykket stemte, han var skremmande god.

Filmen klarar å halde ei nervøs stemning gjennom store delar utan å overdrive på spenninga. Mykje av dette er takka vere den minimale blottinga av romvesenet. Det er vel ingen tvil om at det usette er skumlare enn ein hær av romvesen som flyg over skjermen. Fantasien er meir effektiv enn spesialeffektar. Slik er Alien. Filmen har òg sine avgrensingar på spesialeffektar, sjølv om det er litt, så er det grøssaren og thrilleren som blir vektlagt. I motsetning oppfølgaren Aliens.

På TSorensen 1001 Movie Blog (tsorensen1001.blogspot.com) blir det kalde industripreget i romskipet framheva saman med monsteret som stort sett held seg skjult. Omtalen meiner omgivnadene gjer menneska små og utsette allereie før skapningen viser seg. Det utfyller tanken min om at fantasien er meir effektiv enn effektane. Det usette får plass i ei verd som alt kjennest fiendtleg. Då treng filmen heller ikkje vise særleg mykje for at eg skal sitte med nervane utanpå.