Alita: Battle Angel - Filmdagbok

Alita: Battle Angel 2019

Ein veldig god og underhaldande film, frå start til slutt. Det er blitt gjort ein topp jobb med spesialeffektane. Skodespelarane var gode, og då spesielt Alita spelt av Rosa Salazar. Eg likte karakteren hennar godt, då ho var skikkeleg tøff.

Filmen sluttar med ein open slutt som banar vegen vidare for ein oppfølgjar. Det låg lenge i korta, for måten handlinga går framover her gir klare føringar på at me ikkje kjem i mål i løpet av Alita: Battle Angel.

James Cameron gjorde eit godt val når han valde Robert Rodriguez regissørrolla og sjansen til å lage denne filmen. Eg gledar meg til oppfølgjaren.