Hopp til hovedinnhold
Plakat for All I Want for Christmas (2007)

All I Want for Christmas

Film
2

Ei åleinemor vert dregen inn i ein nasjonal leiketøykonkurranse, då sona hennar deltek med ønske om at ho skal få seg ein ektemann.

Halvveges blant årets julefilmar er statusen at dei fleste filmane har vore anten fine, passe gode eller greie. All I Want for Christmas er eit av dei unntaka. Det er ikkje fordi han er nemneverdig dårleg, men han er tafatt og gjev inntrykk av å prøve for hardt. Det er ein annan måte å seie at han ikkje får til detaljarbeidet på.

At alt som skjer er føreseieleg er som forventa, og heller ikkje ein stort minus. Men det krev karakterar å like, noko som All I Want for Christmas manglar. Eg kan klare meg utan eit perfekt rollegalleri i ein tv-film som dette, men her har eg ikkje sansen for hovudrolla eingong.

Den same oppskrifta går langt betre heim hjå Kristmas Kree på The Christmas Wrap (kristmaskree.wordpress.com). Skribenten er begeistra for blandinga av kjærleik og familiekjensler, og finn ein ny favoritt i denne typen historie om ein attlevande forelder. Det er eit godt døme på at me ikkje treng å vere usamde om korleis filmen er bygd. For meg manglar personane den sjarmen som skulle gjort det velkjende rørande.

Eit av dei større problema eg har med filmen er at han ser og kjennest ti år eldre ut enn han er. Hadde filmen komme i 1997 så hadde det vore greitt, men det er noko med å vere utdatert på denne måten som ikkje appellerer.