All Star Superman - Filmdagbok

All Star Superman 2011

All-Star Superman er det beste som har skjedd DC Universe Animated Original Movies sidan i fjor. Grant Morrison har forfatta og Frank Quitely har teikna den supre teikneserien, som er del av All-Star imprint, historier som ikkje føyer seg til kontinuiteten til DC-universet. Resultatet er ei tilgjengeleg historie som heller ikkje er ei opphavshistorie. Og no er ho blitt film.

I dei tidlegare teiknefilmane som har blitt gitt ut under banneret DC Universe Animated Original Movies har handlinga vore fullspekka med større og mindre trådar, noko som har resultert i høgt tempo og mykje spenning. All-Star Superman er ingen unntak. Den raude tråden gjennom filmen er den forfallande helsa til Superman som følge av høg eksponering for solenergi. Sjølv med mange avstikkarar undervegs, som introduseringa av fleire monster og besøk frå Krypton, lykkast historieforteljinga å inkludere alt utan å miste grepet.

Men det er Lex Luthor som er den store skurken, og filmen er spesielt god på dialogane mellom han og Clark Kent og Superman. Me får eit innblikk i motivasjonen til Lex, og det gjer seg godt i ein teiknefilm med monster og slåsting. Når intellekt blir like farleg som rå kraft får trusselen ein heilt annan dimensjon.

All-Star Superman er god film å sjå om du vil ha ei Superman-historie, men ikkje vil bry deg med å sette deg for mykje inn i universet. Eller du kan lese teikneserien som også er god.