Hopp til hovedinnhold
Plakat for All the Boys Love Mandy Lane (2006)

All the Boys Love Mandy Lane

Film
3

All the Boys Love Mandy Lane ser bra ut. Men han er ikkje så bra. Amber Heard gjer mykje for å bere filmen. Likevel feilar filmen på ein måte mange andre dårlege slasher-filmar gjer.

Det er dei vanlege klisjéane med fest, sex og alkohol, deretter blod. Og det er heilt greitt. Spenninga er der ei stund, men når ho lir erstatta av vald som verkar påtvinga enn nødvendig så blir det kjedeleg.

Eg sit igjen med inntrykket av noko som kunne vore meir. Her finst element av ein psykologisk thriller. Filmen kunne ha blitt både ubehageleg og fascinerande, men i staden vel filmen retninga som ein nokså vanleg slasher med pen innpakning.

Tyson Carter på Head In A Vice (headinavice.wordpress.com) meiner filmen blir meir spennande når drapa tek til, og rosar ei avslutning han opplever som smart og overraskande. Der mistar eg meir enn eg får. Me er meir samde om den pene innpakninga og Amber Heard, men for meg greier ikkje vendingane å erstatte den psykologiske uroa filmen kunne ha bygd vidare på.