
Allegheny Uprising
John Wayne sin karakter leiar ei gruppe med nybyggarar som er nøydd til å kjempe mot indianarar. Og mot ein britisk offiser spelt av George Sanders og ein forrædar spelt av Brian Donlevy. Trass i dei koloniale omgivnadane er dette stort sett ein western.
John Wayne spelar godt, men Claire Trevor stel merksemda som den munnrappe gutejenta som er forelska i han, og har lyst til å slåst side om side med mennene.
Resten av mannskapet er solid. Det er mykje action og ein del komedie. Eit hurtig tempo hjelp på. Historia er laust basert på ekte folk og ekte hendingar. Filmen er laga det same året som Stagecoach, men er ikkje på same nivå. Likevel er det eit underhaldande historisk drama og western.
Dennis Schwartz på Dennis Schwartz Movie Reviews (dennisschwartzreviews.com) set pris på samspelet mellom John Wayne og Claire Trevor. Han trekker også fram tempoet og dei mange actionsekvensane som styrkar. Det passar godt med det eg får ut av filmen. Han treng ikkje nå opp til Stagecoach for at denne gjengen skal vere underhaldande å følge.
