Hopp til hovedinnhold
Plakat for Aloha (2015)

Aloha

Film
3

Aloha har fått lunkne tilbakemeldingar sidan filmen kom ut i 2015, men eg har sansen for det Cameron Crowe har skapt her. Om ikkje på eit politisk plan, så på at filmen er ambisiøs i si blanding av ei historie med eit poeng og ein romantisk komedie.

Emma Stone stikk av med glansen. Resten av ensemblet er også kjente og gode skodespelarar, som trass i stjernefaktor bidrar med meir til filmen enn å vere sine kjente seg. Ein fare i filmar som er så tettpakket av kjente ansikt som denne.

Handlinga er lagt til Hawaii, og gjer nytte av det til å gi militærdramaet eit lysare preg, samt innspel av lokal musikk. Ei anna side av denne saka er tanken til Cameron Crowe om å fortelje om rolla til Hawaii i militær samanheng.

Kjerna i filmen er romansen mellom Bradley Cooper og nemnde Emma Stone. Det er ingenting eksepsjonelt med utføringa av denne, men det går heim fordi Emma Stone utstrålar slik entusiasme i sin artige karakter. Dette har ho vist at ho kan før, og var ei av årsakene til at eg gav filmen ein sjanse trass i labre tilbakemeldingar frå mange hold. Ei annan årsak var at den ofte kritiserte filmen Elizabethtown står høgt hjå meg. Ein annan film av Cameron Crowe som også har fått kritikk.

Det ambisiøse kan både gi særpreg og skape rot. Alex McNamee på Stay for the Credits (stayforcredits.wordpress.com) likar filmen, men meiner han stundom prøver å vere for mange ting på ein gong. Han rosar Emma Stone og fleire av dei små scenene mellom skodespelarane. Det er mykje av det same som gjer at eg har sansen for filmen. Eg blir med på entusiasmen og karakterane, sjølv når ikkje alle delane i blandinga sit like godt.