Aloha - Filmdagbok

Aloha 2015

Aloha har fått lunkne tilbakemeldingar sidan filmen kom ut i 2015, men eg har sansen for det Cameron Crowe har skapt her. Om ikkje på eit politisk plan, så på at filmen er ambisiøs i si blanding av ei historie med eit poeng og ein romantisk komedie.

Emma Stone stikk av med glansen. Resten av ensemblet er også kjente og gode skodespelarar, som trass i stjernefaktor bidrar med meir til filmen enn å vere sine kjente seg. Ein fare i filmar som er så tettpakket av kjente ansikt som denne.

Handlinga er lagt til Hawaii, og gjer nytte av det til å gi militærdramaet eit lysare preg, samt innspel av lokal musikk. Ei anna side av denne saka er tanken til Cameron Crowe om å fortelje om rolla til Hawaii i militær samanheng.

Kjerna i filmen er romansen mellom Bradley Cooper og nemnde Emma Stone. Det er ingenting eksepsjonelt med utføringa av denne, men det går heim fordi Emma Stone utstrålar slik entusiasme i sin artige karakter. Dette har ho vist at ho kan før, og var ei av årsakene til at eg gav filmen ein sjanse trass i labre tilbakemeldingar frå mange hold. Ei annan årsak var at den ofte kritiserte filmen Elizabethtown står høgt hjå meg. Ein anna film av Cameron Crowe som også har fått kritikk.