Along the Great Divide - Filmdagbok

Along the Great Divide 1951

Along the Great Divide er den første westernfilmen som Kirk Douglas var med i. Og han står eldprøven min stil. Along the Great Divide står støtt på gode karakterar presentert av gode skodespelarar.

Kirk Douglas spelar ein marshall som skal frakte ein lovbrytar. Undervegs i oppdraget møter han motstand som utfordrar den lovlydige linja han har lagt seg på. Og spenninga stig undervegs som motstanden endrar seg, blir større og forhold mellom personar endrar seg.

Det er også handteringa av historia som legg vekt på prinsipp, lover og ulike personar oppi det heile som gjer at filmen blir god.