Hopp til hovedinnhold
Plakat for Alpha (2018)

Alpha

Film
3

I ei historie lagt til ein stad i Europa for 20 000 år sidan, blir ein ungdom med på den første store jakta si etter å ha klart dei nødvendige prøvane.

I lag med andre menn frå stamma legg han ut på ei lang reise for å jakte på bøflar. Jakta er viktig for å kunne fø stamma, men midt i den mest kritiske delen av ho så skjer det noko alvorleg med ungdommen.

Plakaten viser eit bilde av guten og ein ulv, side om side. Og med teksten under seier filmen at han handlar om korleis menneska fekk hunden som kjæledyr. Eg treng ikkje sei stort meir om tematikken, og heller ikkje om framgangen i filmen. Då eg vil gi moglegheita til å oppleve filmen ufortalt vidare til andre.

Fiffige sider ved Alpha er lite snakking, men eit eldre eller framand språk når det først blir sagt noko. Spesialeffektar og foto ser unektelege lekkert ut, og actionsekvensane like så. Kanskje det ikkje alltid ser ekte ut, men det passar til filmen sin måte å angripe forløpet på.

Bileta og musikken får mykje av æra hos T. S. på The Film Blog (thefilm.blog). Omtalen meiner dei gir liv til ei historie med ganske kjende grep, sjølv om den harde overlevingsferda stundom kjennest overraskande lun. Det liknar mi eiga oppleving av uttrykket. Filmen treng ikkje sjå heilt realistisk ut i kvart augneblink når heilskapen får reise og vennskapen til å fungere.

Alpha var ein film eg hadde tenkt lenge på å sjå, og som absolutt levde opp til forventingane. Det er ikkje ein topp film, men er solid som både underhalding og action.