Hopp til hovedinnhold
Plakat for Am Ende kommen Touristen (2007)

Am Ende kommen Touristen

Film
4

Tysk og lite komplisert film om ein ung tyskar som vel å avtene siviltenesta på ungdomssenteret knytt til Auswitch-museumet. Der finn han kjærleiken og blir engasjert i tinga som skjer rundt seg.

På overflata er dette ein lett og lystig film som mellom anna spelar på Polen- og Tyskland-vitsing. Det som gjer det til ein betre film er at han består av fleire lag som frivillig kan bli utforska, denne tilføringa av meining er ein fin ting som eg kom til å sette pris på her.

Sonia Cerca på A Film A Day (afilmadaybysonia.blogspot.com) rosar filmen for å samle den unge mannen si utvikling, forholdet til den eldre overlevande og romansen i ei lett forteljing. Ho trekker også fram kritikken av dei som brukar minnet om staden til å skaffe seg merksemd. Det er eit godt døme på dei ekstra laga eg likar her. Den tilgjengelege overflata stenger ikkje for meir ubehagelege spørsmål.