
Amadeus
Amadeus fortel historia om Wolfgang Amadeus Mozart på ein underhaldande, litt morosam og noko dramatisk vis.
Filmen skildrar livet hans frå ung og talentfull til vaksen og full. Hans musikalske geni er alltid der, men filmen heng seg vel så mykje opp i det utsvevande og dramatiske livet hans.
Det bryr meg fint lite kor mykje av dette som er basert på ei sann historie mens eg ser filmen. Verken i positiv eller negativ retning. Eg tykker at filmen har mykje godt ved seg. Det som trekk ned er denne tilsynelatande sjølvproklamerte verdien ved filmen. Altså eit inntrykk eg får over at filmen skal bli tatt seriøst, då den så tydeleg berre er underhaldning.
Det teatralske kan vere både ein styrke og ei svakheit, slik meldinga på Cinema Cahiers (cinemacahiers.wordpress.com) viser. Der blir filmen rosa som morosam og fascinerande, men rammeforteljinga med den aldrande Salieri blir opplevd som for omstendeleg. Eg kjenner igjen noko av spenninga mellom underhaldninga og det høgtidelege. Filmen har mykje eg set pris på, men inntrykket av at han legg stor vekt på sin eigen verdi, gjer at eg ikkje blir heilt riven med.
Det kan vere noko med denne tidsperioden. For Gandhi gav same inntrykk.
Men Amadeus kan vere verdt å sjå likevel. Han ligg og lurer i øvre sjikt innanfor si rangering.
