
Amarcord
Det er med ein viss skepsis eg set i gang med kvar Federico Fellini-film, sjølv om eg har sett fleire eg likar. Det har sitt opphav i at Fellini – satyricon var den første eg såg. Ein film eg absolutt ikkje likte.
Amarcord er heller ikkje det heilt store. Det handlar om ein by i Italia på 1930-talet. Små hendingar i dagleglivet og eit hav av fargerike personar utgjer handlinga på over to timer. Delar er passe interessante, mens andre blir uinteressante og stoppar flyten.
Trass i min nedvurdering av filmen er dette ikkje ein typisk dårleg film. Det er ein typisk film som ikkje fell i smak. Som eg kan følge med på ei god stund, men som eg til slutt kjedar meg for mykje av.
Den lause forma er nettopp noko Tom Gillespie set pris på i omtalen på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com). Han ser dei overdrivne småhistoriene som eit vakkert uttrykk for minne og nostalgi, og finn både humor og rørande stunder i dei. Eg klarer ikkje å samle episodane til ei like sterk oppleving. Det han opplever som levande og rikt, blir for meg etter kvart ei veksling mellom det interessante og det som bryt flyten.
