Hopp til hovedinnhold
Plakat for American Gun (2005)

American Gun

Film
4

Det er vanskeleg å samanlikne denne med andre filmar eg har sett dei siste vekene. Eg har sett mykje godt, men denne gjorde ekstra inntrykk. Som heilskap er han noko av det betre eg har sett i det siste.

American Gun er sett saman av fleire små historier som går føre seg parallelt, iallfall reknar eg med det ettersom ingenting anna er forklart. Det er tre år sidan ei skuleskyting i Virginia, og samfunnet er framleis svært prega av hendinga. Me følger ein politimann involvert og familien (mora og broren) til den ene skyldige. Samtidig ein annan plass følger me rektoren på ein skule med flest svarte elevar, samt ein av elevane der. Som ei tredje historie følger me ein bestefar som driv ein våpenbutikk, og barnebarnet hans.

Med desse historiene blir historier vinkla inn mot våpen på ulike måtar, og bruken av våpen. Det er to sider som går igjen, og det er dei som bruker våpen som verne og dei som bruker det for angrep. Slik sett blir det ikkje nødvendigvis eit utelukkande negativ på våpenkulturen.

Sjølv tykte eg filmen var svært så gripande og følte meg skikkeleg engasjert i enkelte scener. På ein måte held han fram der Elephant enda, tre år etter, men det er viktig å nemne at dette ikkje er en Gus Van Sant-film.

I tillegg blir det også retta eit blikk mot våpenkvardagen i meir kriminelle områder. Det blir på ingen måte prøvd å vinkle som i ein dokumentar, for det er eit reint drama. Eit drama som verkeleg fangar merksemda, og heller ikkje gjer skam på skodespelarfronten. Marcia Gay Harden gjer ei god rolle som ei overarbeidd mor med svært mykje å passe på. Donald Sutherland har ei heller mindre og roleg rolle, men passar godt som eigar av våpenbutikk og bestefar. For ikkje å gløyme Forest Whitaker som rektor på ein svært krevjande skule. Eg har heller ingenting å utsette på mindre kjente ansikt, dei fyller rollane sine godt.

Som skikkeleg stemningsskapar opplevde eg dette som både godt drama og ein liten tankevekkar i kvardagen.

Historia rundt mora er også den sterkaste delen for skribenten på This to Say About That (thistosay.blogspot.com). Ho finn noko mindre velkjent i dette perspektivet, men meiner dei andre forteljingane er meir føreseielege eller manglar dramatisk spenning. Skodespelet gjer likevel filmen verdt å sjå. Eg er meir nøgd med heilskapen, men rosinga av Marcia Gay Harden passar godt. Når slike menneske får ta plass, blir temaet noko eg kjenner, framfor berre noko eg skal meine noko om.