Hopp til hovedinnhold
Plakat for American Pie Presents: Beta House (2007)

American Pie Presents: Beta House

Film
2

Det finst nok berre ei handfull mengde menneske som vil finne ein filmmelding av den tredje American Pie avspinnaren interessant, dei fleste eg har høyrt uttale seg om American Pie har gjort det i negativ forstand.

Om eg tar den tredje filmen, American Wedding, og dei følgande avspinnarane til grundigare forsking er det lite å finne som kan tale for kvalitet. Eg har ei ekstra interesse for American Pie. Det kriblar framleis i nokre små grå etter å sjå det som dukkar opp. Når det kjem til dårleg film, er dessutan collegehumor ein av få sjangrar eg taklar utan problem. Faktisk synest eg det er rett så morosamt ein sjeldan gong.

American Pie Presents: Beta House held fram der American Pie Presents: The Naked Mile slapp. Han er like meiningslaus og har like mange nakne damer, og han er endå eit hakk drygare på rølpeskalaen. Ved sidan av Stifler-slektningane frå American Pie Presents: The Naked Mile er Eugene Levy, far til Jimbo, den einaste frå tidlegare filmar. Han er også den einaste som har dukka opp i alle American Pie- og American Pie Presents-filmane. Litt synd er det i mannen som ikkje har ei betre karriere enn som.

Det tar 500 par puppar før me kjem til handlinga i American Pie Presents: Beta House. Ho er ein bleik, blass og falma kopi av Animal House, den kanskje beste National Lampoon-filmen. Beta-brørne har irritert Geek-brørne til den grad at støvet blir blåst av gullhammaren og det blir den første runden med The Greek Olympiad på 40 år.

Sjølve handlinga er ikkje spesielt viktig. Det gjeld berre å pøse på med mest mogleg exploitation-materiale. I tillegg til nakne damer er det dvergar, sauer, øl og oppkast. Ikkje finn på å sjå denne om du har hatt problem tidlegare i rekka av American Pie-filmar. Kan du derimot like tilsvarande det National Lampoon har levert dei siste åra går nok dette ned lettare enn hestesæd vil eg tru.

Dette er den mest fornuftige av dei lite fornuftige avspinnarane. Det er eit forsøk på å ta for seg noko som har med det greske brorskapssystemet å gjere. Filmen får sånn sett ein liten driv. Men undervegs er det stort sett berre tull. Det er ingenting originalt, klisjeane er tilfeldige og dårlege og alt frå manus til skodespel er slett.

Jay S. Jacobs på PopEntertainment.com (popentertainmentarchives.com) meiner heller ikkje at filmane etter originalen har vore særleg vellaga. Han får likevel underhaldning ut av dei når han møter dei med låge forventningar, og finn denne gjengen meir interessant enn den i American Pie Presents: Band Camp. Eg har også ein høg toleranse for denne typen collegekomedie. Det gir filmen eit visst spelerom, men gjer ikkje manuset, klisjeane eller skodespelet betre.