
American Pie Presents: Girls' Rules
Eg hadde låge forhåpningar til American Pie Presents: Girls' Rules. Dei fire førre spin off-filmane har alle fått to av fem stjerner frå meg. Men eg er stor American Pie-fan, så eg kunne ikkje droppe denne heller. Resultatet er betre enn eg trudde.
Filmen følger fire venninner i siste året på high school. Annie (Madison Pettis), Kayla (Piper Curda), Michelle (Natasha Behnam) og Stephanie (Lizze Broadway), sistnemnde er i slekt med Steve Stifler. Dei inngår ei pakt om å få det dei vil ha før skuleballet, i kjærleiks- eller elskovslivet. Mike Elliott har regissert. Filmen kom direkte på video i 2020.
Han gjer si eiga greie. Oppbygginga ligg nærast den første American Pie-filmen. Det er same type historie, berre med jenter i sentrum denne gongen. Eg synest det fungerer. Han er heilt grei som film, og overraskande grei til å vere ein American Pie Presents-film.
Han er ikkje bra nok til å ha vore ein kinofilm. Direkte til video-plassen passar betre.
Brennan Klein skriv på Alternate Ending (alternateending.com) at filmens største styrke er at figurane kjennest ut som ekte tenåringar, og at han i det minste går inn for det med full innsats. Klein kallar han den beste i American Pie Presents-serien, men set han likevel under dei mest vellukka filmane i hovudserien. Eg er einig i at han ligg over dei tidlegare spin off-filmane, sjølv om eg ikkje vil gå like langt i rosen.
Som fan hadde eg ikkje late denne gå forbi uansett. Han vart ein langt triveligare sjåaropplevelse enn eg rekna med.
