Den førebels siste avspinnaren til American Pie er American Pie Presents the Book of Love.
Det er usikkert korleis filmen heng i lag med dei andre. Jim Levenstein (Eugene Levy) dukkar opp, slik han har gjort i alle dei førre filmane. Men utover dette er ikkje eingong birolla Scott Stifler sitt slektskap til Steve Stifler frå American Pie forklart.
Ei tam kjærleikshistorie og ein dårleg kopi av gutegjengen frå American Pie er det einaste som står igjen. Det er verken interessant eller spesielt dristig.
At det handlar om sexbibelen frå American Pie er ei sak, men også dette blir ei tilfeldig kopling til serien.