American Pie Presents: The Naked Mile - Filmdagbok

American Pie Presents: The Naked Mile 2006

Den femte American Pie-filmen er ein svakare film enn forløparen Band Camp, som var den første American Pie Presents-filmen, og som kom rett på video. Om Universal har tenkt å halde fram filmserien på linje med filmar frå National Lampoon gjenstår å sjå, men kvaliteten er ikkje høg.

The Naked Mile er ein av dei minst skjulte dekkoperasjonar for å vise naken hud på film gjennom tidene. Men eg skal ikkje klage, for dette er også ein film utan hemningar, som ikkje legg skjul på så mykje anna heller.

Historia er syltynn. Det er nok ein Stifler som blir lagt press på. Denne gongen er det Eric Stifler, søskenbarnet til Steven Stifler frå hovudfilmane i American Pie-franchisen. Alt handlar om å misse jomfrudommen, og det under eit årleg nakenløp. Løpet blei i si tid starta av Mr. Levenstein, som er faren til Jim frå hovudfilmane i American Pie-franchisen. På ekte var The Naked Mile eit løp ved University of Michigan mellom 1986–2004.

Filmen har også ei tynn kjærleikshistorie, men mesteparten av tida er det drikking og nakne folk som opptar skjermen.

Det er ein rølpefilm utan like, og i tillegg til nakenheit er det gjørmeslåsting med dvergar og ville fester som er tema. Ingen krav vart sette til filmen, og eg håpte i grunn berre at han skulle vere betre enn den førre. Og når han var det, så var alt greitt nok.

Det er på kanten til å ikkje fungere som hjernedødt tidsfordriv, men reddar seg inn på det visuelle inntrykket.