
American Psycho
American Psycho er ein stilfull film av god klasse, med eit tidspreg av 1980-talets luksuriøse motar, utan at det tek heilt av.
Filmen er basert på ei bok av Bret Easton Ellis, som har skrive fleire gode bøker om mørke og dystre sider i kontrast med rike og hippe personlegdomar og miljø.
I American Pyscho spelar Christian Bale ein rik investor som er oppteken av å vere best i alt, og som skjuler ein psykotisk drapsmann av eit alter ego.
Filmen er nok meir humoristisk enn forstyrrande. Og med humor av det svarte slaget går filmen rett heim hjå meg. God film.
Michael Gingold på Fangoria (fangoria.com) meiner Mary Harron får fram satiren over sjølvopptekne menn og statusjaget i miljøet, med Christian Bale som både morosam og skremmande. Han opplever filmen som meir intellektuelt enn kjenslemessig engasjerande. Det passar med at den svarte humoren tek meir plass enn ubehaget for meg. Når personane er så opptekne av korleis dei framstår for kvarandre, blir den fine overflata sjølv noko å le av. Den stilfulle innpakkinga er dermed ein del av poenget.
