American Psycho II: All American Girl - Filmdagbok

American Psycho II: All American Girl 2002

Mila Kunis spelar ei jente med sansen for å drepe i American Psycho II: All American Girl, ein film som kom rett på video i 2002.

Tittelen hintar til ein samaheng med American Psycho, og har ei enkel kopling til karakteren Patrick Bateman med. Det er verdt å nemna at denne koplinga vart skrive inn i manus mens filmen var i produksjon, og at resten av filmen har sitt opphav i eit manus utan nokon som helst relasjonar til American Psycho eller verk av Bret Easton Ellis. Eit klassisk eksempel på ein tittel som berre er til for å lure deg og selje filmen på feil grunnlag.

Handlinga, om ein film som dette fortener ei sånn skildring, er som følger. Ei ung jente vitnar at hennar barnevakt blir drepe. I vaksen alder er ho på veg til å få jobb i FBI, men konkurransen er hard, så ho setter i gang med å drepe konkurrentane sine.

Dette er ein svak produksjon, og det meste er dårleg utført. Skodespel, oppbygging og den generelle kvaliteten. Da filmen ikkje har nokon faktisk samanheng med American Psych, noko eg kunne tenke meg på førehand, er han heller ikkje verdt å sjå.