American Splendor blandar livet til teikneserieforfattaren Harvey Pekar med den sjølvbiografiske teikneserien hans, American Splendor.
Forteljinga om Harvey Pekar er av tragikomisk sort. Han er ein artig fyr å følge, men framstår også som grå og trist.
Slik filmen blandar adapsjonen av teikneserien med forteljinga om livet til Harvey Pekar, blandar forsøk på realisme og klare filmatiske trekk seg også. Hensikta kan vere å gjere oss klar over grensa mellom fiksjon og realisme i teikneserien til Harvey Pekar, samtidig som det gjer oss klar over at American Splendor like fullt er fiksjon og ikkje dokumentar.
Filmen er etter trongen til å analysere og dømme, både til ettertanke og god underhaldning.