Hopp til hovedinnhold
Plakat for Amira & Sam (2014)

Amira & Sam

Film
3

Amira & Sam er ein tona ned romantisk komedie med eit seriøst element. Ein veteran som har kriga i Midtausten møter ei ung irakisk kvinne som har flytta til USA. Dei innleiar eit forhold som blir trua da kvinna kjem ansikt til ansikt med moglegheita for å bli sendt ut att av landet.

Dette er ein film med hjarte på rette staden, ein litt sår tone på ein god måte innimellom, sterke karakterar og reell problematikk. Men han tar det ikkje for langt i den seriøse retninga heller. Med dei meiner eg at faren for å bli ei påtrengande stemme for ei sak er borte. Her er det motsetningane i personlegdommar og situasjonar som er sentralt, og som blir brukt som hinderelementet ein god romantisk komedie ofte har.

Mark Dujsik på RogerEbert.com (rogerebert.com) likar også at kjærleiken får vekse fram mellom to menneske, utan at ulik bakgrunn må gjere kvart møte til ein politisk diskusjon. Han er meir kritisk til sidehistoria om arbeidet til Sam, som han meiner blir påtrengande. Eg får betre flyt ut av heilskapen, men er samd i kva som ber filmen. Det er personane og den forsiktige tilnærminga mellom dei eg helst vil følge.