Amira & Sam er ein tona ned romantisk komedie med eit seriøst element. Ein veteran som har kriga i Midtausten møter ei ung irakisk kvinne som har flytta til USA. Dei innleiar eit forhold som blir trua da kvinna kjem ansikt til ansikt med moglegheita for å bli sendt ut att av landet.
Dette er ein film med hjarte på rette staden, ein litt sår tone på ein god måte innimellom, sterke karakterar og reell problematikk. Men han tar det ikkje for langt i den seriøse retninga heller. Med dei meiner eg at faren for å bli ei påtrengande stemme for ei sak er borte. Her er det motsetningane i personlegdommar og situasjonar som er sentralt, og som blir brukt som hinderelementet ein god romantisk komedie ofte har.