
Amores perros
Tre historier er knytt saman på ein ikkje altfor openberr måte, men elegant og godt så det ikkje blir tre kortfilmar. Alle har til felles at dei handlar om kjærleik, på ulikt vis.
Amores perros er ein film som er vanskeleg å skildre for å få fram den gode sida. Når han pågår blir eg sittande å ta inn inntrykk og kjensler i mengdevis. I ettertid er det mange tankar som svirrar. Lysta til å snakke direkte med andre om filmen hadde eg ikkje, det var inga wow-kjensle her eller der til å gjengi. Heile filmen var for viktig til å trekke fram enkeltepisodar.
Vit at Amores perros er animalsk brutal, sårande ekte, menneskeleg smart og mykje meir. Til saman dannar dette eit komplekst miljø. Tanken på at det faktisk er ein film, kjem i andre rekke.
Heilskapen er òg eit poeng for James Linton på James Linton Writing (jameslintonwriting.com). Han framhevar kor enkelt dei tre historiene blir bundne saman, og spør om filmen fungerer betre samla enn kvar historie gjer åleine. Det ligg nær opplevinga mi. Eg har ikkje lyst til å plukke ut eitt høgdepunkt når det er summen av menneska og kjenslene som sit igjen etterpå.
