Hopp til hovedinnhold
Plakat for An American Werewolf in London (1981)

An American Werewolf in London

Film
4

I juli/augustutgåva av Film&Kino fekk monstersauefilmen Black Sheep merksemd. Ein film eg hadde stor glede av under årets Kosmorama-festival her i Trondheim. Forfattaren brukte eit lite utval av referansar som utan å gå på rekning av lesinga for nybyrjarar, heller gav inspirasjon til å sjå filmane. For meg var det først og fremst An American Werewolf in London som stod seg fram.

To unge amerikanarar på ryggsekktur i Europa er på eit tidspunkt på landsbygda i Nord-England, der dei må søke ly frå regnet i ein lokal pub. Dårleg gjestfridom fører til at dei snarast er på landevegen igjen, med ei anbefaling om å halde seg unna myrlandskapet. Dei overser anbefalinga og får smake følgane.

An American Werewolf in London er spennande, sjølv om oppbygginga i sekvensane ofte er føreseielege. Skodespelet blant stjernene er ingenting å skryte av, men heller ingenting å utsette på i ein film som denne. Så lenge dei er lause i kofta og med sjarm så er alt bra. Stivt skodespel er i motsetning ganske slitsamt.

Av mange fine sekvensar er transformasjonen til varulv, kaoset i sentrale London og ikkje minst den elegante og effektive slutten blant mine favorittar. Blant elles mykje god underhaldning.

Slutten får ei anna mottaking på Scary Film Review (scaryfilm.blogspot.com). Skribenten synest filmen rundar av noko brått, medan eg likar kor elegant og effektiv avslutninga er. Det er eit interessant skilje i ein film som elles gir oss mykje av den same gleda ved varulvskrekk. For meg er det nettopp fint at han veit når han skal stoppe, etter alt kaoset i London.